RSS

tysdag, januar 29, 2008

Attende på skulen

No vil eg starte mitt innlegg med å sei.
Skulen suge ræva noko så djupt inni dalane!
og
Gud er så seriøst digg!

kan eg kome attende til life, som eg og byjre å verte litt lei av, jaffa skuledelen av det. Så sjukt lei av matten, og av engelsk, og sikkert alle andre fag og, men det er berre dei me har hatt til no, då. Me hadde til og med prøve i engelsk, engelsk av alle ting, eller det trur eg eg hadde sagt til alle fag just no eg.

Men
, eg var på komfcamp i helga, og det var jo koseleg då. Det er jussom ikkje så mykje å sei om det, anna at det var veldig kos og at eg tok mykje bilete då. Satt att me ca 300 bilete og har laga ein slideshow av ca 100 av dei då...

fredag, januar 25, 2008

Lenge sidan sist.

Har ikkje skrevet på ei stund no, og det er litt mi skyld, men eg har faktisk betre ting å gjere og, på onsdag var eg opptatt med å gjere mykje anna, var ein masse med Kristian blant anna. Og på torsdag reiste eg heim og kom heim i halv ti tida og då lå eg meg til å sove, var på KRIK og på Pizza Inn med Elise. Så no er eg heime ei stund før eg skal til byen med halv fem bussen, for meg og Elise skal vere leiarar på konfleir på Evjetun denne helga. Så det vert ikkje noko skriving på laurdag, og sannsynlegvis ikkje på sundag heller, men måndag vonar eg på å vere sterk attende. Elles har eg bestemt meg for å lage minst eit pannebånd, og på måndag skal eg klyppe meg. Sjølv om det har hendt så mykje så har eg lite å sei. Det er vel eigentleg litt kjipt det, men eg har funnet ut at eg absolutt ikkje liker engelsk så veldig mykje just no!

tysdag, januar 22, 2008

Thank you for making my day!

I  dag har  vore veldig opp og  ned. Veldig kjipt, og ganske bra, og no lurer eg mest på om rommet skal svive rundt, eller om eg er svimmel. Men eg vil takke til alle som har gjort denne dagen så bra, Siri, Anbjørg, Gunnar, Kristian, Roger og ja, var det nokon fleire, ja, generelt andre folk og, eigentleg så skal ein jo sei ingen nevnt ingen glemt, men det gløymte no eg litt, andre har gjort dagen min ræva og, men det er vel kanskje meg som har klart det mest. Vert litt lei av og til, spesielt når det er veldig mykje skulearbeid, veldig lei av skulearbeid, men då er det deilig å ta ein kort pause og pumpe ut all dritten på nokon som kan høyre og trøyste, for så å klare resten av skuledagen, og spesielt hjelper det når det er nokon å drive noko kjekt med på etter alt skulearbeidet er ferdig. Spesielt koseleg var biljarden og gitarhelten, og å dele is med Kristian, orka jo ikkje all isen åleine då. Elles så er det møte i morgon, og heim på torsdag, og då er det og KRIK, og som sagt konfleir i helga.  Gler meg til å sjå Elise att, så ufatteleg glad i ho eg.
Og i dag vil eg sende alle tankar og bønner (nesten) til Siri, så viss du les dette, og om du ikkje les dette, så er eg glad i det uansett. IMB!

Og hugs, Gud er alltid med deg, same kor mykje det stormar! Det står i Bibelen, han gjer deg alltid styrke nok til å kome gjennom dagen, det står på ein fin måte eit bibelvers.

måndag, januar 21, 2008

Så mykje å gjere - Så lite tid

Alltid når eg blogger så forsvinn alt! Men eg får berre byrje på nytt.
Men jaffa, det er for mykje å gjere, PTF og Redaksjon 08-ting som skal gjerast ferdig, og matteprøve i morgon - som eg gjere det PERFEKT på, og eg har ikkje peil på alt me har om igong, trur eg. Har faktisk ikkje peiling om eg veit det eller ikkje. Og aller mest har eg lyst å spele gitar, men sidan det berre er tre kvarter til mat, og eg skriv dette og ser på Degrassi og tenkjer på at eg burde øve på matten så vert det nok ikkje noko av det.
Men i dag, då gjekk eg med ullgensar på skulen, gjer det enno då men, det er ganske deilig, sidan eg ikkje har frøset. Me har faktisk og vore på barneskulen å intervjua to folk i dag, om superhemmeleg støff, eller det er vel ikkje det, men me helder på med det derre Redaksjon 08-tingen veit du.
Elles så har eg fått dilla på Jesus Freak av dc Talk
Det har eigentleg skjedd ganske mykje kult og i det siste, og kjem nok til å skje mykje artig og, har jaffa veldig få helger fri, så om du vil meg noko så må du bestille meg ganske tidleg! Men det kan eg fortelle om seinare, sidan det ikkje er noko gøy om eg spoiler alt no, men eg liker miljøet på Kvås veldig godt no!
Og, ja, no har eg fått skrevet inn norskstilen min på dataen, just as you know : )

Fred ut og ten Herren med glede!

søndag, januar 20, 2008

Mesuli Simphiwe Mpungose

Siri sier man må blogge oftere,
difor gjer eg det.
Det har hendt mykje sidan sist eg blogga, skulen har vorte redda, og tapt og redda igjen, og no har me ikkje peil på kva som hender. Eg har og fått eit faddarbarn og det er det eg vil skrive om no.

Mesuli Simphiwe Mpungose
heiter han. Mesuli betyr "tørk tårene"  og Simphiwe betyr "gjer" eller "å gje". Eg veit faktisk ikkje kor gamal han er, men han bur saman med mora, bestemora og onkelen og tanta. Han er HIV posetiv, noko som er ganske kjipt, men han er heldig og får medisina, og har fått det sidan november 2006. Han går på Umlalazi Primary School, og yndlingfaget  er matte. Han liker å spele fotball, og når han vert stor vil han verte ein politimann, og hans største ynskje er å bygge eit stort hus, men just no ynskjer han berre at han hadde nokon nye kleder. Han bur i utkanten av Eshowe, i KwaZulu-Natal, Sør Afrika.

onsdag, januar 02, 2008

To sitat

"They can take Jesus out of our school,
they can take Jesus out of the society,
take Him out of the state,
but they can't take Jesus out of our heart"

God isn't a promiser-breaker
He's a history-maker

Layout

Eg har fått eit midlertidleg utsjånad her, det er ikkje pent, men noko hendte feil.
 
Copyright EK i 2010 2009. Powered by Blogger.Designed by Ezwpthemes .
Converted To Blogger Template by Anshul .