RSS

torsdag, februar 26, 2009

Ja, no sit eg her med Magi på min side, og vi har nettopp åte litt middag i form for toast. Jeg tror dette kan bli en bra dag. Det håper jeg i alle fall, men det håper jeg hver dag da, så det er jo egentlig ikke noe nytt.
Jeg skriver egentlig nå bare for å ha noe å gjøre jussom, må bare skrive noe, skrive, skrive, skrive...
Vi chiller'n, vi liker det, vi er best.
Magi og trolldom på nye eventyr FTW!

laurdag, februar 21, 2009

Magi og trolldom!


Det er Margrete og meg det... Og vi har det fint, her på verdens finaste plass, Abelsnes! Magi har nemleg sovet hjå meg, for eg ville ikkje vere åleine heime =P
Men eigentleg så var ikkje det eit så stort problem sidan me var i pinsekyrkja i går, litt lenge, eller berre til tolv-tida då og det er jo eigentleg ikkje så lenge, men me gjekk til Chris etter på og såg ein film om litt av kvart, ekkofyr som mista humkomelsen sin og masse sånn, litt sånn, også dreper me han, og han og han, også slår me han og hopper ned ei trapp også er me lukkelege og lever livet vårt i sus og dus i ei scooter-sjappa... Men kjempe bra film altså, det trur eg alle dei som sovna og er einige med meg i =P For eg sovna ikkje og var våken heile tida, men det var litt kaldt på golvet då. Tykkjer dei burde hatt varme i stovegolvet eg, sånn personleg... Men det var ein kjempe bra kveld altså... Fyrst så tente me teljos i Sundeparken, meg, Magi, Therese, Kristine og Ine Therese, men så vart folk litt kalde så me gjekk me inn i pk etter ein tur på kiwi og tente resten, men det var ikkje like bra for me sat det på ein serviett på bordet og den smelta, og eg sa at det aldri gjekk bra, men det sa dei gjekk bra, men det gjekk ikkje bra... Så folk fekk ein liten jobb med å skrape vekk all dritten. Men det var kjempe bra møte altså... Ingrid song og Mæggi snakka, også var det ein mann som snakka om kva Gud hadde gjort i han sitt liv og litt sånt, kjempe bra altså... Også var Elise der, og det var kjempe deilig og berre stå med ho då me sang Fix You som me song på tt07, det var berre ein sinnsjukt deilig kjensle altså...
Eg digge folka rundt meg, folk i pk, folk eg tenne teljos med, folk eg heng med på skulen og heime, mamma og Sten Ove... Arh, eg er så sinnsjukt glad for at eg har folk rundt meg som muntrerer emg opp, gjer meg glad og som eg kjenner at eg er glad i<3 style="text-align: center;">

Bilete 1: Telyskorset vi lagde i Sundeparken
Bilete 2: Magi tok bilete av meg mens eg skreiv
Film 1: Magi filma fingrene mine mens eg skreiv

torsdag, februar 19, 2009

Eg vil skjerpe meg på skulen!

Eg har så sinnsjukt lyst å skjerpe meg på skulen, og gjere det bra der... Problemet er berre at eg ikkje veit korleis ein skjerpar seg. Korleis får ein tid til å gjere alle leksene, få bra på alle prøvene, og sist men ikkje minst, oppføre seg fint heile tida. Ikkje berre måtte presse ut sånn frekke teite ting heile tida, eller vase rundt og forstyrre andre i klassen. Eg tykkjer det er sinnsjukt irriterande å berre vase vekk kvar einaste skuledag... Sidan tysdag er det einaste fornuftige eg har gjort er å skrive ein heil og fire halve setningar, og den heile skreiv eg berre av og. Og på onsdag hadde eg ein prøve i samfunnsfag som berre gjekk rett vest. Så eg er heilt vonlaus på skulen, og berre vasar vekk all tida og alt er berre blæ. Så viss nokon har ei oppskrift på korleis verte mønsterelev på ein, to, tre så hadde eg vore veldig takknemleg, for det trengst her i garden!

I snøen med Miriam!

I forrigårs var meg og Miriam ute i snøen, og det var kjempe koseleg=D
Fyrst så var me hjå meg og bakte boller og lagde kakao, men me gadd ikkje å trille bollane heilt ut så dei såg litt stygge ut, og me gadd heller ikkje å heve dei, men dei smakte veldig godt då :) Også fant me noko ved og pylser og lempa alt på akebrettet mitt før me satt nasa mot Aurevika... Problemet var berre det at når me hadde kome over den fyrste humpen ut mot Aurevika så fant me ut at det eigentleg var ganske mørkt og straks kom til å verte enno mørkare, så me fant ut at me heller burde setje oss rett ned på sletta og tenne opp bål der, og det gjorde me. Og me klarte oss bra. Brukte ebrre alle tennbrikettposene, og all opptenningsveden og dette brant veldig bra. Fyrst då me skulle gå heim att hadde den verkeleg veden tatt fyr, men den slukka me berre att. Me fekk jaffa grilla (brent) ei pylse, drikte ein termos med kakao og åte mange boller, snakka og hørt musikk og hatt det veldig koseleg. Vi digger det! Meg og Miriam FTW!


G'bless!

tysdag, februar 17, 2009

Abelsnes bru på Abelnes

Eg tykkjer at det er skikkeleg teit at det heiter Abelsnes bru (frå 1991) men Abelnes ikkje fekk godkjend skrivemåte Abelsnes i 1995, når det faktisk heiter Abelsnes bru, og det vart det offisiella stadsnamnet berre fire år føre stadsnamnet Abelsnes vart nedstemt.
Spesielt teit tykkjer eg det er sidan det faktisk heiter Abelsnes på folkemunn, og Abelnes er eit innmari vanskeleg ord å uttale.
Så Abelsnes for alltid.
Så lenge Abelsnes kjem opp på yr.no skal eg fortsetje å bruke det, og enno lengre enn det og, for det er frå Abelsnes mine røtter er frå, og det er på Abelsnes eg vil døy!

søndag, februar 01, 2009

Impuls!

Eg har vore på impuls, sånn at folk veit om det, men eg gidder ikkje å skrive noko om det, sjølv om det var bra nok...
 
Copyright EK i 2010 2009. Powered by Blogger.Designed by Ezwpthemes .
Converted To Blogger Template by Anshul .