RSS

fredag, oktober 31, 2008

Når edderkopper blir rusa!

torsdag, oktober 30, 2008

I går var eg vekke i over 14 timar!

Fyrst var eg på skula, så i byen med mamma og kjøpte ting og tang og såg på jakka, så gjekk eg på biblioteket og gjorde lekser, ein ypperleg plass å gjere lekser faktisk ... Fekk kaffi og heile sullamitten, før eg var litt med Miriam og Ina før dei skulle på musikken, så gjorde eg litt meir lekser før eg gjekk til Christoffer på den siste nettverksgruppa i den leiligheta hans. Og etter på det så gjekk meg og Lillian og Amalie litt rundt i byen og vandra ... Eg skulle vere med Lillian og ta ut penger, så fyrst gjekk me til Flekkefjord Sparebank og skulel ta ut penger, men der var heile skiten midlertidig ute av drit, så me måtte ned til den andre banken i byen, og der fant me ut at Lillian hadde hadde fem kroner og ekko ører minus på konto, så det var ein unødvendig tur, men alle var glade likevel, spesielt meg for eg hadd epå regntøy, og det hadde ikkje Lillian og det var veldig vått ute ...
Men me vaste jaffa rundt til klokka ti, litt på musikkens hus og litt på kiwi, meg og Lillian gjorde jaffa det, Amalie gjekk heim i ni-tida, eller ho vart henta då, men ho er jo niande klassing og ho må jo eigentleg legge seg litt tidlig då ;-)

G'bless! Fjerner all stress!

ek får vestens beste hjelp på skulen!

"Elise Kristine er veldig glad for at Hanne fortsatt kan hjelpe meg, sjølv om me går i to forskjellege klasser, på to forskjellege skular, i to forskjellege land!"
Mitt sånn derre ting på facebook. Så eg har sittet og lagd plakater i mange forskjellege farger i dag, jaffa grønntona og gjort ferdig den rosatona og lagd ein gråtona ein. Men Hanne hjalp meg masse, og det er deilig, sidan det var det ho pleide å gjere på Kvås, sånn kva er best av den og den og den og sånt. Men HELDIGVIS (!) så har me internet og msn, så Hanne kan fortsatt hjelpe meg (a).
Og eigentleg så saknar eg Hanne ein del, difor er det litt koseleg å snakke med ho på msn faktisk ... I hart her, and I'm talking English because she is in England! Men tenk, så langt vekke det er! Eg vil reise og besøke Hanne <3>

måndag, oktober 27, 2008

Leir!

Eg har vore på leir med Kaja på evjetun, kjempe koseleg å sjå ho att etter den LANGE Polenturen ho sin, men endeleg er ho heime att. Vart kjend med masse nye folk og koste meg heile helga ... Men eg er ikkje god i bowling har eg funnet ut ;-) Men det var kjempe koseleg då, men meg og Kaja feiga ut på go-carten, men det var blaut og kaldt og eg klarte ikkje å finne regnbuksa mi for det var så sinnsjukt rotete på rommet vårt, og eg følte det absolutt ikkje var verdt penga i helga, hadde sikkert sovna etter ein halv runde eller noko sånt ...

onsdag, oktober 15, 2008

Endå ein flott dag!

I dag og har vore ein flott dag...
Eg hugsar ikkje noko særleg av skulen, men det var bra. Prøven gjekk bra, gymmen var bra. Og resten var berre slapt. Ny generasjon var og diggbart. Heilt utruleg faktisk!
Så kom eg heim og var med Elise og ein av Dankel-juniorane, Arvid faktisk, me åt pizza drakk brus, såg på bukollektivet til Arvid, Lars og Christoffer. Kjempe fint faktisk... Verkeleg koseleg. Så gjekk meg og Elise til nye Europris og såg på Henrik i kassa. Og kjøpte garn og gjekk til sporet igjen og kjøpte kakao og låg på benken og koste oss. Elise, du skylder meg ein plass mellom 23 og 31 kroner. Og når klokka var litt for mykje gjekk me til Christoffer på nettverksgruppe og hadde det kos der, så henta Sten Ove oss og me gjekk heim til meg og satt på ein maskin med kleder og hang opp ein anna ein før me køyrde ned til ferjeleiet og satt i ventebua ei stund og åt snop og preika før Elise gjekk på ferja og eg køyrde heim att og såg på pokémon og no blogger eg dette og snakker med Tina som eg er så glad i og litt folk til!

Ein flott dag!

I dag har vore ein flott dag, starta med ein deilig forsovelse, og fortsatte vidare bra. Sånn uironisk meint altså ...
Fyrst ein time med jobbing i mediekommunkasjon med pyl, og ein journalist født i 1965 eller noko sånt, så fem timar med mediedesign i illustrator med Anki. Illustrator er verkeleg digg og veldig undervurdert. Eg liker illustrator, spesielt sidan me hadde ein del om det på Kvås, så difor er ikkje ting så veldig nytt sidan me jussom har starta heilt på nytt på det i Kvinesdal. Så kom eg heim og satte på ein maskin med kleder, så gjorde eg fire kapitler med matte så no har eg berre to kapitler att. Etter det lagde eg eit bilete av Henriette i illustrator i sånn fem-seks timar, før eg snakka i ni minutt og trettiseks sekund med Cato, og no ligg eg her og blogger, eg har foresten hengt opp kleda og og satt på ein til maskin som fint klarer å ligge i maskinen til i morgon. Så ting er veldig bra!
Foresten så kan bileta eg lagde i går på skulen og i dag på skulen og i dag ettermiddag sjåast på facebook. Miriam, Henriette og nokre Kvåsfolk som vart ofra ... Ja, og bamsen til Henriette og ...
Men just no er livet veldig digg, tatt i den betrakningen at Kaja og Miriam reiser til Polen, så eg har ingen og sitte med på bussen og kan ikkje vere med Kaja på kafe. Heller kan eg ikkje preike med Camilla på nettby eller Nadja på msn. Men livet er digg, og det blir det nok i morgon og håper eg. Då har me prøve i samfunnsfag og dans i gymmen, men ting vert nok bra likevel.
Livet er digg så all ære til Gud. Og nå ødela eg nok dette innlegget for Cato, men halleluja likevel ;-)
Me talast!
Så gå med fred og tjen Herren med glede for Gud er god og Jesus elskar deg.
G'bless!

måndag, oktober 06, 2008

Eg vil blogge! ...om vennar.

I sjuande klasse fekk me ein oppgåve om kva ein venn verkeleg var, eg gjorde aldri den oppgåva, men ho ligg enno i skapet oppe viss ikkje mamma har kasta ho enno. Eg veit ikkje kva eg skal svare på ho. Dei seier jo friends are forever, boys are whatever, men kva er då ein venn? For, for meg verker det som at friends og kan vere whatever ofte. Men då er det kanskje ikkje verkelege vennar då ... Livet er eigentleg ganske forvirrande, og dei folka du er mest glad i er ofte dei som er vanskelegst og halde fast på som vennar. Men eg veit at eg vil gjere alt eg kan for å halde fast i dei venanne eg er mest glad i for eg er glad i dei.
Glad i dykk, vennane mine.

fredag, oktober 03, 2008

Eg kan ikkje love

Eg kan ikkje love deg at eg vil elske deg same kva du gjer, skulle ynskje eg kunne, men Gud kan og vil.
Eg kan ikkje love deg at eg vil stå med di sida i både tykte og tynte, skulle ynskje eg kunne, men Gud kan og vil.
Eg kan ikkje love deg at eg vil alltid ha tid til dine sorger og gleder, skulle ynskje eg kunne, men Gud kan og vil.
Eg kan ikkje love deg at eg vil alltid gje dei råda som er best for deg, skulle ynskje eg kunne, men Gud kan og vil.
Eg kan ikkje love deg at eg vil vere online 24/7 for å snakke med deg, skulle ynskje eg kunne, men Gud kan og vil.
Eg kan ikkje love deg at eg vil ein gong tørke kvar einaste tåre på ditt kinn, skulle ynskje eg kunne, men Gud kan og vil.
Eg kan ikkje love deg at eg vil gje deg evig liv i glede, skulle ynskje eg kunne, men Gud kan og vil.
Eg kan ikkje love deg at eg vil livet vil verte lett, men eg kan love at Gud vil vere der for deg, og at eg vil vere så god ven eg berre klarer for deg.
 
Copyright EK i 2010 2009. Powered by Blogger.Designed by Ezwpthemes .
Converted To Blogger Template by Anshul .