RSS

søndag, desember 30, 2007

Dagens Bibelord

Joh 1,16–18 :
16 Av hans overflod har vi alle fått,
nåde over nåde.
17 For lova vart gjeven ved Moses,
nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus.
18 Ingen har nokon gong sett Gud,
men den einborne, som er Gud,
og som er i fanget til Far,
han har synt oss kven han er.

innlegget som eg ikkje fekk svar på:-P

Om det seriøst går an å ha ei likning med fem ukjende?
Eller egentlig så var spørsmålet fire, men fem høyrest eigentleg veldig veldig veldig mykje kulare, eg veit ikkje kvifor, det er jussom berre noko med slengen på ein måte. Det høyrest jussom mykje betre ut, jussom fæmm, et høyrst mykje betre ut enn firæ, det tek jussom så lang tid å sei føler eg... Men Elise seier at det går an, og eg trur eigentleg at ho har rett, men problemet er berre det at eg ikkje klarer å forstå at det går an, for det må ta uhorveleg lang tid å løysa, og det er teit, for det er stress, du skjønner at det er sånn midt på natta og eg er veldig overtrøytte, difor har eg ikkje lyst å sitje å løyse ei likning med fem ukjende, pluss ein kjende, viss det heiter det, du veit du har jussom fire sånn bokstavar, men du har og tal som ikkje er bokstavar, om dei heitar kjende då? No trur eg at eg kjem til å sitje opp heile natta og tenkjer på dette, og det kan eg jo ikkje, for det er jo julafta i morgon, ikkje sånn i morgon, men som om to netter i morgon, men det forstår du sikkert, du burde jaffa kanskje det, men det er jo ikkje sikkert, for alle forstår jo ikkje alt like godt, ogeg trur ikkje eg forstår det med dei fire ukjende og ein kjende-likningstingane, men det kan jo vere at eg forstår det, berre at eg er for overtrøytte til å forstå det, for eg trur at eg kanskje forstod det med to ukjende og ein kjende ein gong, men det er eg ikkje heilt sikker på om eg gjorde for eg er jo ikkje heilt sikker på om det gjekk an, men sidan Elise sa det så trur eg kanskje det stemmer, for eg pleier å vere ganske einig i det ho seier, jaffa når det er sånn fornuftige etniske spørsmål me diskuterer, men når det er sånn fakta så er eg ikkje heilt sikker, for eg veit ikkje om me diskutererer deg, det er jussom ikkje like gøy å diskutere, ting med ein fasitt er litt keisamt, og då er kanskje den likninga med fire ukjende og ein kjende keisam og. Tenk om matte hadde vore meir kreativt, sånn at me skulle funnet eit svar som såg bra ut... Då hadde eg kanskje ikkje vore like god i matte, eller kanskje eg hadde det, eg veit ikkje heilt eg... Kanskje eg skulle prøve det på neste matteprøve, men eg er jussom ikkje heilt sikker på om det er verdt det. Ofte har eg lyst å prøve sånn tulleting på prøver og sånt, men eg tørr ikkje for eg vil jussom ikkje risikera ein karakter på det, for viss eg får dårlege karaktera så kjem eg ikkje inn på linja eg vil, og kjem eg ikkje inn på den linja eg vil, får eg ikkje jobb, og får eg ikkje jobb så tene eg ikkje penger, og tene eg ikkje penger vert eg uteligjar, og vert eg uteligjar, vert eg blaut når det regner, og vert eg blaut, vert eg forkjøla, vert eg førkjøle vert eg hås, vert eg hås kviskar eg, kviskar eg lyg eg, lyg eg stel eg, stel kjem eg i fengels, og dei som kjem i fengsel byrje å røykje, og folk som røykje bruke narkotika, og folk som bruke narkotika får HIV og dei som får HIV får AIDS og dei som får AIDS døyr - eg kjem til å døy viss eg kødder på ein prøve eg...

søndag, desember 23, 2007

100 i 2007?

Eg lurer på om eg klarer å få hundre poster i løp av året, det trur eg nok, mangler berre fem eller noko sånt. I denne månaden har eg skrevet ein post kvar dag, gjennomsnittleg, til no... Men eg har skrevet fleire kvar dag og sånt...

I dag er det dagen før dagen, kvelden før kvelden, og det må me jo sjølvsagt sjå på NRK1, "kvelden før kvelden", hovmesteren og grevinnen, og julemiddaglaginga og song.

Det vert så koseleg då, også er det jul i morgon og sånt... Eller det er julafta då, jul er det vel no.

Eg skreiv eit gjestebokinnlegg på nettby i natt. Det poster eg, men som eit nytt innlegg då.

Kvås forandra pressemeldinga!

Nytt håp for Kvås!

laurdag, desember 22, 2007

Redder Kvås?

Elever redder Kvås
Brødre redder Kvås

fredag, desember 21, 2007

Melding på fronter

Fremtid likevel?
Kjære elev. Her på Kvås har jeg ikke tatt juleferie enda. Du skjønner, nå har en rik onkel lagt 15 mill på bordet for å kjøpe Kvås. Dette gjør at det kanskje kan bli skole likevel! Det ser posistivt ut, men det er enda noen store spørsmål som må besvarers før vi kan rope hallejula.
Mats (rektor)


Bønn hjelper!

Nettkirken ber for Kvås

Vi i Nettkirken vil gjerne være med å be for skolen deres. Vi ber om at det året som ligger foran dere må bli et godt og utbytterikt år selv med ”sverdet” hengende over dere, og at dere som elevkull må stå sammen i oppfinnsomhet og glede. Samtidig ber vi for skolens ledelse og eiere, at de må få visdom til å ta de rette avgjørelser i månedene som kommer. Vi takker for alt skolen har fått bety for mange, og ber om at denne plogspissen som for mange har representert det fæørste møtet med kristen tro, fortsatt må få virke til å fremme Guds rike! Amen.

Ha en riktig god og forventningsfull jul.


Fra: Harald Daasvand på vegne av Nettpresten i Nettkirken

The Girls at Kvås vgs lagd av meg

Kvi ein kanskje ikkje bør drikke so mykje by Irene

torsdag, desember 20, 2007

ek høyrer på musikk og får pressa ut fine ting.

Jeg har lært at Jesus kom for å hjelpe alle som trenger det når alt blir for vanskelig.
Amen er et mektig ord, men det trengs på denne jord.
Jesus jeg er glad du finst.
Jeg skal ikke være redd.
Du er kjærlighet.
Gleden kan jeg rope ut
Takk og ære være Gud.

Bedre føre var enn etter snar

Det er eit ordtak som seier «bedre føre var enn etter snar», og det fekk ei litt anna betydning for meg i går. Me fekk på morgonsamlinga veta at skulen ville verte nedlagt, noko som lagde ein ganske dyster stemning blant alle. Etter at morgonsamlinga var ferdig, gjekk eg opp på badet vårt sidan eg ikkje var heilt sikker på om eg fekk av all maskaraen i går, og han ikkje er vassfast så tenkte eg at det var best å sjekke dette. Då eg kom inn på badet og såg meg i spegelen var det ein tanke som slo meg, og det var, «oi, eg må be» Eg hadde ikkje tenkt på det før, sjølv om me hadde fått beskjed ei stund før at dette kunne skje og at desse høgt mektige mennene tenkte på å legge ned skulen, tenkte eg aldri på å be for skulen. Eg sendte ein rask bønn før eg henta tinga mine og forta meg til timen. Først seinare, når me stod samen, nokre fyrsteklassingar, og snakka om dette med rektoren vår, Mats, kom eg på dette igjen då ei på design kom med forslaget «me må be, eg veit eg ikkje er den meste kristne her og alt sånt, men det hjelper faktisk. Alle burde be for skulen vår» Då kom eg på, når ting går skjeis så har me det ofte med å gå til Gud, og be han om hjelp, etter ting har gått skjeis, ikkje før, me hadde lang tid til å be før avgjeringa vart tatt, men då tenkte me ikkje på det igong.
Kanskje «lære» me av dette, at me ikkje berre skal gå til Gud når ting har gått galt, men takka for det me har mens me har det, ikkje berre ynskje det tilbake når me har mista det, og halde oss til Gud når det ikkje verker som me trenger Han, det er sånn man får eit godt forhald til Gud trur eg.


Kjære Gud,
Du kan lese oss alle,
Du veit kva me har,
og kva me vil takke for.
Du kjenner oss helt,
og ingenting kan me skjule for Deg,
men ofte prøver me på det.
Hjelp oss alle med dele ting med Deg
både gleder og sorger,
for det er slik me lærer å kjenne Deg
med å vite og vise at Du kjenner oss
I Jesu namn, amen

onsdag, desember 19, 2007

Be - for bønn hjelper!

I dag fikk elevene på Kvås vgs den triste beskjeden om at skolen blir nedlagt fra sommeren av, altså det blir ikke et 08/09-skoleår på Kvås.
Både elever og lærere tok denne beskjeden tungt siste skoledag, og elevene vil nå gjøre hva som helst for å redde skolen.
Skolen har mangler to av åtte millioner kroner for å fortsette, og elevene har flere ideer på hvordan disse kan skaffes, men om ideene virker er et annet spørsmål, men en ting de kom fram til som ikke var så vanskelig var å be.
Dette ble både ikke-kristne og kristne elever enige om, så jeg oppfordrer alle, uansett hviklet livssyn eller tro du måtte ha, til å være med å be om at skolen vår kan fortsette å drives i mange år framover.



Pressemelding fra skolen: http://www.kvas.vgs.no/156+M523b3cf7821.html

Og eg var på tv og radio ang. det.

Og det kan du jaffa sjå her: http://www1.nrk.no/nett-tv/distrikt/sorlandet/verdi/27864

Kvås vert nedlagt.

Og eg orker ikkje å skrive alt det kalenderskiten.

Pressemelding: http://www.kvas.vgs.no/156+M523b3cf7821.html

søndag, desember 16, 2007

Oslo

Oslo varen veldig pen plass, juleballet og. Kristoffer var kos.



14. des. fekk surfot, ferskenting og tyggis eg i adventskalenderen
15. des. fekk eg tyggis i adventskalenderen
16. des. fekk eg pølsa i adventskalenderen

torsdag, desember 13, 2007

Luciafeiring med brannalarm

Idag vart me vekka 0654 eller 0656 av brannalarmen, me var fyrst ute på eit halvt minutt, Roger og Glenn våkna nesten aldri, dei var vel opp 0704 eller noko sånt. Og så skulle alle gå inn i matsalen, og der var det frukost og lærarar i luciatog.
Peder var skønt god til å syngje!

13. des. fekk eg ein hamburger i adventskalenderen.

onsdag, desember 12, 2007

Tankelaus

I dag er eg tankelaus på bloggen.

12. des. fekk eg ein større slikkepinne og ein tyggis i adventskalenderen

tysdag, desember 11, 2007

80 innlegg!

No har eg åtti innlegg på min blogg og eg har eit sitat eg vil dele med resten av verda.

Livet med Jesus er som ei plastrosa, visne aldri...

11. des. fekk eg ei pølsa i adventskalenderen.

måndag, desember 10, 2007

Lommelykta!

10. desember fekk eg ein slikkepinne og ei tyggiskula i adventskalenderen.

Eg liker å gå med lommelykt når eg er ute i mørket, å ha ho på skrudd óg, for då, viss alt ljoset skulle gå rundt, så har eg fortsatt den ljoskjelden. Det ljoset minner meg litt om Jesus. Sjølv om det er andre ting som held meg oppe so hjelper det veldig å ha Han og, for ofte forsvinn andre ting, og då er det veldig betryggande å ha nokon som står fast uansett kva som hender. Det er som ei lommelykt som ikkje slukker.

søndag, desember 09, 2007

Pokemon

9. desember fekk eg ein hamburger i adventskalenderen.

Eg er glad i Miriam, utekinoen var kjekk i går, og eg ser på pokémon no.

laurdag, desember 08, 2007

Filkmkveld :)

7. des. fekk eg tre slikkepinner og to gummibjørner i adventskalenderen.
8. des. fekk eg t0 slikkepinner og ei tyggiskula i adventskalenderen

I går såg me to filmer, meg, Julie, Hanne og Mats, frå sånn japansk øy under krigen.
Så sov meg og Julie hjå Hanne.
I dag er det utekino = D

torsdag, desember 06, 2007

Popkorn og sånt.

6. des. fekk eg ein tyggis og ein surfot i adventskalenderen.

Men no har eg so vondt i munnen min at eg nesten ikkje klarer å ete det, so no sit eg og sug på popkorn, men eg har fått kristendomsoppgåva mi.

onsdag, desember 05, 2007

New Zealand

New Zealand har fint riksvåpen


5. des. fekk eg tyggis, surfot og hjarte i adventskalenderen, men eg har kome litt ut for det er ein dageg har gløymt å skreve kva eg fekk.

tysdag, desember 04, 2007

Tentamen

Den einaste gode ting med tentamen er amen


3. des. Fekk hamburger i adventskalenderen i dag : )

søndag, desember 02, 2007

Adventskalender

Adventskalenderen eg fekk av mamma:

1. des. Fekk seks gummibjørner i adventskalenderen i dag : )
2. des. Fekk tyggis, fersken og surfot i adventskalenderen i dag : )

Adventskalenderen eg får av Laila Kristin gjer meg kjempe glad!

Og adventskalenderen til diil bryr meg ikkje so mykje.
 
Copyright EK i 2010 2009. Powered by Blogger.Designed by Ezwpthemes .
Converted To Blogger Template by Anshul .