RSS

tysdag, juli 31, 2007

Som eg sa...

Som eg skreiv i dette innlegget her, skulle eg kommentere dette sitatet her: "When it hurts to look back, and you're scared to look ahead... Look beside you and your best friend will be there." Og det skal eg no gjere med berre eit lite spørsmål.
Kan ein eigentleg forlanga at bestevenen din skal vere på sida av deg heile tida, sånn fysisk sett?

måndag, juli 30, 2007

Har du sett denne songen?

Okei, det er kanskje litt meir rett å sei "Har du denne songen?" men det høyrdest ikkje like kult ut då.

Redd for sterke ord

Her er eg igjen å Gud,
eg håpar det er greitt
Som oftast brukar eg å be
den lista som du veit
Men no kjem eg for å sei deg
noko du sa først til meg
Du skal få høyra at eg elskar deg

Eg elskar deg
Eg er redd for sterke ord,
men eg vil så gjerne bruka dei
for gleda er så stor
Eg elskar deg, ingen kjærleik er som din
Eg ville berre sei: eg elskar deg

Eg har tenkt på bodet ditt,
å elska Herren Gud
Av hjarta, sjela, vitet mitt,
men sanninga veit du
Gud eg klarar ikkje elska deg
for eg sjølv vil vera størst
Kun om eg mottek kjærleik frå deg først

Kan eg våga sei: Eg elskar deg
Eg er redd for sterke ord,
men eg vil så gjerne bruka dei
for gleda er så stor
Eg elskar deg, ingen kjærleik er som din
Eg ville berre sei: eg elskar deg

Ja, har du denne songen, ver so venleg å kontakt han og del han med meg - me want big time!

Om sånne venar og sånt.

No har eg rota i min sånn OneNote.greier, i Sitat-seksjonen etter eit fint sitat eg kunne skrive nokre linjer om, sia det er so lenge sidan eg har skrevet noko her.
Og sidan eg har 45 sitat i den dingsen tok det litt tid å bestemme seg, men til slutt klarte eg det.
Og det vart faktisk to, sidan det går på litt av dei same tingane, eigentleg litt mykje av det same, det eine er på norsk og det andre på engelsk, og viss du ikkje forstår det på engelsk so kan du berre spørje i kommentar-greieren.
"When it hurts to look back, and you're scared to look ahead... Look beside you and your best friend will be there." "Ein ven er ein som forstår di fortid, trur på di framtid og aksepterer den du er i dag."
Det betyr vel noko sånt som at venar skal støtte deg når du trenger det. Det skal forstå di fortid, som eg ikkje forstår heilt korleis dei kan, sidan dei neppe har levd ho. Eg tykkjer heller dei burde akseptere di fortid, for ein kan ikkje akurat forlange at dei skal forstå kva som helst, eg trur eigentleg det er litt umugleg eg, sånn personleg meint då. Ein kan jo forstå noko, jenna, men ikkje alt, kanskje ein ikkje kan akseptere alt heller, men det er nok lettare å akseptere enn å forstå, og det er vel lettare å akseptere viss ein forstår, berre sånn for å nemne det óg. Og kanskje det ikkje går an å akseptere alt heller. Men eit anna sånn sitat-greier. Det er lettare å hate enn å prøve og forstå. Og det er eigentleg ganske sant, men sidan me preike om venar her, so skal dei eigentleg ikkje hate kvarandre. Ikkje at nokon burde hate kvarandre, men ein er ikkje just venar om ein hatar kvarandre, det tykkjer jaffa ikkje eg då, sånn personleg meint.
Men, for å flytte oss litt fremover, og ta det derre med å tru på framtida. Ja, om ein seier til venen sin, nei, du har nok ikkje noko framtid du... Då er ein nok ikkje ein so god ven trur eg, sånn personleg då. Men av og til må ein jo berre sjå faktaen, sjølvom det heiter so lenge det er liv er det von, so veit eg ikkje om det er heilt sant, jo det er jo det, trur eg, men det er kanskje ein veldig liten kjangs, so kanskje det er litt okei av venar og ikkje ha so stor tru på framtida, ein bør berre ikkje ytre det so alt for mykje trur eg, og i berre veldig spesielle situasjoner.

Og eigentleg skulle eg gått gjennom den andre og, men no må eg sove, eller ikkje. Jaffa slutte av her, eigentleg var vel ein nok, so me kan sei at eg berre valte den eine, og heller kan ta den andre ein annein gong, viss du vil :)



Eg vil óg benytte anledningen til å gratulere Kim Rikard med dagen!

torsdag, juli 26, 2007

Fasinert, igjen...

"Må veiene åpne seg for deg, min venn, og vinden blåse bak deg.
Må solen skinne på ditt ansikt og regnet falle mildt på dine marker inntil vi møtes igjen.
Må du hele tiden være i Guds hånd."

Endå ein gong har eg vorte fasinert at "Dagens betraktning" av "Nettkirken." I dag var altso det den teksta, som står i kursiv heilt opperst (ja, eg veit det heiter øverst) eg fekk i min mailinbox.
Det høyrest kanskje litt kliséte ut, men eg likte det. "Dagens betraktning" av "Nettkirken" kan du abonnere på ved å trykke her. Det er ein veldig fin liten helsning i postkassa, tykkjer eg.
Men tilbake til denne dagens betraktning. Det er ein eigentleg veldig snill ting å sei, men eg har funnet ein versjon eg likte betre.
"Må veiene åpne seg for deg og vinden blåse bak deg
Må solen skinne på ditt ansikt og regnet falle mildt på dine marker.
Må du hele tiden vandre i Guds lys"
Grunnen til at eg bytta ut Guds hand med Gud ljos er det at eg liker Guds ljos mykje betre eg, men båe delane går jo like bra, so om du liker Guds hand betre, sei heller det då.
Men no skal eg sove i Guds ljos, snart jaffa for no er eg so trøyte at eg snart sovne, faktisk...

onsdag, juli 25, 2007

Eit faktisk val!

Mitt brev til ein skule her om dagen.

"Eg, (mitt namn), har diverre for dykk og med glede for meg kome inn på eit meir ynskjande studieprogram ved ein anna skule, og seier difor i frå meg skuleplassen hjå dykk med sorg sidan ei vidaregåande tid på (namnet til skulen) var noko eg hadde sett fram til, men utdanningsmessig so er denne andre skulen eit mykje betre val fro meg."

tysdag, juli 24, 2007

Skjærande kjærleik

Eg såg noko som var skikkeleg fint her ekkotid (eg kan ikkje sei kor tid, grunna personvernet, heller ikkje kven eller kor.) Det var ein mann, som me kalle far, eller faren, heilt etter korleis det passe seg, og ei jente som me kalle dottera og ei dame me kalle mora. Dottera kom smygande rundt hjørnet (for eg trur det var det ho gjorde faktisk) og so stoppa ho, såg seg tilbake for å sjå om mora kom, og det gjorde ho, mora altso. Dottera tok mora i handa, såg opp på ho og sprang bort til faren. Dottera var full av is overalt og hadde ein is i handa, derfor tok faren som gjekk i (arbeids)uniform og haldt ho (dottera) vekke sånn at ho ikkje skulle skitne til han. Dottera gjekk forsiktig tilbake til mora, og begynte stille og grine, mora sa då at ho hadde gleda seg so til å møte faren, eller noko sånt. Mora tok isen og tørka dottera og faren tok og koste med dottera, det var so vakkert. So glad den jenta var i faren sin, det var til å gråte til.
Ekte kjærleik.

måndag, juli 23, 2007

Minnetale til Eivind-Peivind

No som eg sit her i natt, merker eg at eg vert veldig trist, feller nesten nokon tårer, gjer og, faktisk, våte tårer som gjer håret mitt blaut, men jaffa. Grunnen til eg vert litt trist er fordi eg har snakka med Eivind, ikkje fordi han er tragisk eller noko sånt, men fordi han er so ein snill mann som er ganske inteligent å preike med, for han er sånn eg kan preike seriøst med, jaffa litt seriøst for det meste, men det er vel eigentleg fordi at eg har lært at man forstyrrer ikkje adminen på yndlingssida si med useriøst tøv, derfor prøver eg å preike seriøst til han, men no har det seg sånn at han ikkje er adminen på yndlingssida mi lengre, eigentleg ikkje fordi eg har fått ny yndlingsside, men fordi han har slutta, og det er kanskje litt lenge sidan men dette blogginnlegget kjem ikkje før no. Du tenkjer kanskje at det er fordi denne bloggen fyrst vart oppretta i dag, men det er eigentleg ikkje grunnen, for eg har hatt to andre bloggar, som eg har brukt, men ikkje skrevet eit innlegg der heller, sjølvom eg faktisk har tenkt på det, men no skjer det jaffa.
Eivind, som eg faktisk tidlegare har skrevet eit dikt om, som og eg posta på denne bloggen som du kan lese her. Men Eivind har no vore admin på diil.no ei stund, eg gidder ikkje å spørrje kor lenge, men han vart diilar då han gjekk på US, og har vore "diiler" i sju år, når ein reikne med den tida han har vore admin der og. Han har fiksa mykje fint til oss, alt har kanskje ikkje skjedd like fort, men betre seint enn aldri, ja kanskje det var noko som aldri hendte i hans si regjeringstid, men det bryr me oss ikkje so mykje om, for me fokuserer på det positive me. Eg veit heller ikkje kva han har stått bak, men tråden kva høyrer du på NÅ?, eller noko sånt, og den tråden har fått ganske mange svar og sånt, eg liker han jaffa veldig godt. Sjølvsagt har han gjort større ting enn dette og då, men viss eg skulle nemne alt det han hadde gjort so hadde eg aldri vorte ferdig, og han har nok gjort so mykje meir enn det me eigentleg veit, so eigentleg burde me vel ha ikkje klagd på alt det han ikkje fekk gjort. Eigentleg hadde eg tenkt å ikkje nemne noko om blomsterpotter, sidan dette er totalt useriøst og internt, som ikkje igong eg veit kom frå, sjølvom det var meg som fant det på trur eg. Men det eg skulle ha sagt var at viss Eivind ikkje hadde kasta so mange blomsterpotter i hovudet på gamle damer utanfor vindauge (eg veit ikkje om dei har vindaugo på kontoret, dog) og ikkje lasta ned so mykje blomsterpotteporno, so hadde kanskje diil.no gjenge litt fortare og ting hadde kanskje hendt litt fortare, men eg skal ikkje anklage han for noko, for innarst inne trur eg ikkje han gjer noko sånt eg, men eg veit at han har ei vinflaske med ein blome oppi eg, trur eg jaffa, eg har jaffa sett eit bilete med det på!
Eigentleg so var det meininga at eg skulle skrive enno eit teit dikt om kor flott og from Eivind var, men eg orke ikkje å skrive eit over tusen ord langt dikt, derfor tek eg heller og sett inn eit bilete - eit bilete seier jo meir enn tusen ord.

Ein dagens betraktning

Eg fekk ein so fin Dagens betrakning no i natt, at eg vil dele han med resten av verda.
Ja, kanskje ikkje du tykjer han er so fine, og kanskje til og med ikkje eg gjer det, men eg er no einig i han.

KRL-dom
KRL-dom
Etter at det obligatoriske KRL-faget er blitt erklært i strid med både det ene og det andre av grunnleggende menneskelige rettigheter, er i hvert fall en sak grei: Nå er og blir det kirkens egen oppgave å formidle kunnskap om kristen tro og lære. Slik er det og slik har det alltid vært i de fleste land på kloden, og jeg ser ingen grunn til å gråte over at det blir slik her også. Men jeg tror at samfunnet vil tape på det!

Lars-Erik Espeland

Den fantastisk engelsken

Eg hadde ein telefonsamtale her for ei stund sidan med ein anonym fyr, eg ville jaffa ha vore anonym viss eg var han, og er lar han vere anonym for min eigen fordel. Eg er nemleg ikkje sikker på om han vil ha namnet sitt ut på internet, heller ikkje om eg vil ha at eg snakka med han ut på internett, det vil berre verte for flaut, jaffa når eg legje ut dette og då.

Duden “Det var litt messed up skreiv du” (Noko som høyrdest totalt ut som støkk)
Dudinna “Hæ”
Duden “Du sa det var messed up” (støtt jo)
Dudinna “Støtt”
Duden “Ja messed up, du sa det var messed up”
Dudinna “Kva betyr støtt?”
Duden “MESSED OPP”
Dudinna “Å - åja, eg tok han”
Duden “Ja, yes, at det er forvirra er vel det norke ordet for samme sak!”

Greit me er gode i engelsk her, eller?
Ikkje for å krenke nokon, men hadde dei engelsk på skulen før i tida eller, sidan denne fyren her er eldre enn meg.
Men seriøst då, ein må kanskje høyre det for å forstå det - og for at det skal vere underhaldane i det heile tatt, men eg må hugse det, derfor skriv eg det her.

Tvillingdiktet

Eg skulle skrive eit dikt om tvillingar, sidan Fred og George er tvillingar… (internet)

Ein kan sei det på so mange måtar.
Tvillingar
Meg og deg
Veit du?
På svensk heitar det just det same…
Tvillingar
Men på nederlandsk er det meerling
Eg er glad me ikkje er nederlandske, George
For meerling er ikkje like vakkert
For me er tvillingar me
Meg og du!
Me er ikkje meerling,
me er tvillingar

Mitt dikt til verda

Meg meg meg - hei hei hei
Det er seint på natt
Og under puta er det ein skatt
Og gjekk kva!
Det er ikkje ein katt,
men ein kabeltvbronsjyre

Eivind-Peivind-diktet

Eg skal skrive eit dikt om Eivind-Peivind, for han er kul!

Eivind-Peivind-diktet
Eivind
Peivind
Med krøllar på hovudet
Og brillar på nasa
Han kamera i handa
Og blomst i vinflaska
Med bleieutslett og parykkgnagsår
Han kan skeite skeitbård
og strikke strikkejakke
Han gjer det umuglega mugleg
Han er topp
Ja, han liker til og med sopp
Administrerer og styrar
mellam blomsterpottekasting og (blomsterpotte)porno
Stakkar gamle dame

Loffdiktet

Etter å ha skrevet eit kneipdikt skulle eg so skrive eit loffdikt so her kjem eit loffdikt, desidert til Marita.

Loffdiktet

Du brød i frysen
til store anledninger
Til grilling og fest,
smørbrød og jul
Kvifor er du so bleik
og holete og?
Er det fordi du er trist og lei
Og eigentleg vil vere eit kneipbrød
Brunt og sterkt
fullt av proteiner og kveite
Er du misunleg og teit?
Ja, versogod!
Ligg i frysen og frys du!
For magen min liker ikkje deg!

Kneipdiktet

Etter mykje råd frå Marita, eller kanskje berre to, fyrst var Gud og Jesus, eit forslag, men Gud og Jesus skal ein ikkje kødde med - og eg er i køddehumør so det måtte verte brød, nemleg loff, men eg vil heller skrive om kneip fyrst, for kneip er kult!

O kjære kneip!
Du som er i skuffa
So tørr og keisam
Men likevel god og mettans
Kvifor har du so kort haldbarheitsdato?
Kvifor vert du grønn med hår på om eg gløymer å ete deg?
Er det hevn, det at eg får so vondt i magen
av å ete deg grønn og hårete?
For det er smertefullt å spy opp
masse grønt og hårete brød,
med smør og ketchup på
O kjære brød
Ta av haldbarheitsdatolappen neste gong
so får eg jenna ikkje so vondt i magen

Sistendiktet

Sisten er min Sistenven, ikkje fordi ho er sist, men fordi ho kallar seg Sisten, men det veit eg ikkje kvifor ho gjer so eg kallar berre ho det eg.

Sistendiktet

Sisten er liten og nett
Jussom ein potet (Eigentleg er du liten og nett jussom ein potett, men det vart so teit)
Men ser du godt etter er sjølv potetar søte
Dei har klumpenaser og vorter på haka
Dei henger på træra
du klemmer
Søt og liten
med slikeblondt hår
Du er sånn søt liten giraff du,
med raddishjerne
og wannabe vortesvinhår

Emovendiktet

Eg fekk so lyst å skrive eit dikt om min emoven.
Eigentleg er ikkje min emoven, emo, men eg seier ho er det, for, ja, eg hugser eigentleg ikkje kvifor, men eg hadde mange gode grunnar til kvifor min emoven var emo. So her kjære emoven, her har du ditt emodikt.

Min emoven
Eg har ein ven
Ein emoven
Sjølvom du er stor og skummel
Og kanskje litt slem
Er du likevel min emoven
Du kler deg i svarte kleder
Og tenkjer ikkje på det varme veder
Du teikner svare og raude hjarto
på di hand
og tenkjer vonde tankar
med augo i blund
Du fallar ned trappar
og slår i tak
Det må vel vere med vilje
Min emoven som skadar seg sjølv på møblar og støy
Min kjære emoven
Kan ikkje du heller verte hippie?

Geitebæsjdiktet

Eg vil so gjerne skrive eit dikt om geitebæsj.
Kvifor eg vil skrive eit dikt om geitebæsj er allmentukjend, men eg skal opplyse heile verdas befolkning om dette eg.
Jaffa alle som forviklar seg inn her då, og les dette. Eg skulle nemleg teste ut dette skumle blogge-greierene og då skulle eg skrive noko som eg ikkje hugse kva var, men det begynt på G, so kom det fram ein J, ja eg veit at det ikkje er J i GEIT, men det kom jaffa fram ein J, og då fortsatte det til ein EJT og, dermed kom GJEJT fram.
Eg beklagar til allle språk friikar, men det var soleis eg skreiv GEIT denne gongen, so lev med det!
Over til mitt dikt om Geitebæsj eg har kalla det Geitebæsj

Geitebæsj
Det er so mykje eg ville ha sagt deg geita mi
Men viktigast av alt ville eg ha sagt:
“Dumme geitedritt, bæsjar i min kaffikopp”
viss du hadde bæsja i min kaffikopp,
men heldigvis for alle,
bæsja du i Gunnar sin.

 
Copyright EK i 2010 2009. Powered by Blogger.Designed by Ezwpthemes .
Converted To Blogger Template by Anshul .