-Et essay av Elise Kristine Teie-Salvesen
Kvinner har i heile historia vorte sett som noko mindre verdt og ubrukeleg til anna enn oppgåver mannen er for god til. Etter krigen sat kvinnene seg på bakbeina og kravde forbetring på denne diskrimineringa. Endå eit teikn på dumheit frå kvinna si side. Korleis kan nokon tru at å gå i tog og henge opp plakatar vil endre eit faktum som at kvinna er underlagt mannen. Det står skrevet i dei fleste store verdsreligionar, nedskriving frå alle tider har vist oss det. Mannen er kvinna overlegen, så kvifor kjempe? Som Darwin sa, den sterkaste overlever, så kvinna har vel på sida si at kvinner lever lengre enn menn, men det må vel vere den einaste grunnen til dei faktisk i det heile tatt gidd å kjempe. Sjølv om kvinna kanskje lever lengst, kven er det som får utretta mest i livet? Kvinner pressar ut born, lager mat og vaskar huset. Menn derimot, det er dei som får pengar inn i huset så kvinner berre kan kaste dei bort på unødvendige ting. Det er menn som er kjende i historia. Kven har vel høyrd om ein kvinneleg president i USA, ein kvinneleg stor kjempar i krigen utan om Jean d'Arc som levde for seks hundre år sidan. Altså, den største personen i kvinnehistoria er så gammal at ein ikkje i gong veit om ho har levd. Dei lever på fantasiar og lygn. Er det verkeleg slike menneske ein vil satse framtida på? Om ein i det heile tatt kan kalle denne gruppa menneske... Dyr er vel ein betre skildring på desse vesena som spring rundt i alle sin hast, bruker tid på kafévitjingar og motebladlesing. Å fjerne alle sosiale og unødvendige rettar kvinna no har kjempa seg til, trur eg ville vore ein kjempe god idé som me alle hadde vunne mykje på. Kvinna hadde fått gjort alt det ho er skapt til, mens mannen får meir tid til å gjere det han skal gjere som å ha skikkelege jobbar og få seg ein verkeleg god karrière. Det viker totalt på tryne at menn, i det tjuande århundre skal sitje heime og passe på borna ein laurdagskveld fordi at kvinna vil ut på jentekveld. Er ikkje born kvinna sitt ansvar? Det er dei som føder borna, det er dei som ammer borna. Borna er jo berre deira ansvar. Kor ofte ser ein ikkje feilparkerte bilar eller opptekne busseter. Hadde me fjerna kvinner frå det ytre samfunnet og stengt dei inne i huset så hadde me sloppe ekstremt mykje unødvendig styr i kvardag. Så, ja til eit mannsdominerande samfunn igjen. Kvinner har jo ikkje gjort noko betre enn å starte ein krig her i verda. La oss no sleppe denne elende og steng kvinna inne. Løp og kjøp mannfolk, nye låser, alarmar og handjern. Framtida er i våre hender og me må gjere noko før kvinnene tek heilt over!