EK på Skolelaget
Etter at eg endeleg hadde fått laffa meg opp til ungdomskolen og ned til musikkrommet litt for seint grunna ein gløymsk bussjåfør, var eg der – på skolelaget – for fyrste gong i livet mitt.
Men då eg jaffa hadde klart å koma meg opp so, ja kva hendte då? Jo, skolelaget, der var det vel omtrent faktisk tjue folk medrekna leiarar og alt sånt. Gutane var vel i godt overkant, men jentene klarte fint å visa fram etter kvart dei og.
Skolelaget
Skolelaget startar som oftast med litt info om kva som skjer, og ein andakt. I dag var det Kenneth som kom med infoen og Birger følgde etter med litt info om kva skolelaget var ein kort andakt om Marta og Maria-forteljinga i ein litt meir moderne versjon og avslutta med Joh 1:12 (Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å bli Guds born, dei som trur på namnet hans.) og den kortaste bønna eg har høyrd i den tida eg har vore på forskjellege ungdomsklubber, men eg tykte likevel han var bra, han passe jussom so godt inn.
- Takk for at du tar imot alle som tror på deg
Men kva hender eigentleg på skolelaget?
Eg stakk innom dei forskjellege tinga som hendte, nesten. Fyrst stakk eg innom elektronikken, der det var sånn omtrent åtte gutar der dei fleste var nye både på skolelaget og elektro, men etter litt forklaring av Oddvar gjekk alt mykje betre med samanloddinga av små elektriske dingsar som skulle ljose og litt sånt, som eg ikkje heilt fekk med meg.
Sidan det gjekk so bra på elektroen so stakk eg ned i kiosken ein tur og snakka litt med Are Saudeland (17) som er ungdomsleiar på skolelaget, saman med Kenneth, Anders og Christoffer. Han fortalte blant anna at dette var hans andre år som leiar på skolelaget og at han aldri hadde vore på skolelaget før han vart leiar, men sidan kompisen hans, Kenneth hadde spurt om han ville vera med og han var nabo med Oddvar og kjende han og, so vart han no med. Han fortalte og litt om kva som hendte utanom det som hendte i dag då, som at dei hadde filmkveldar av og til og at dei hadde skolelan, før han avslutta med at skolelaget var berre kjekt og at alle bør kome!
Brennheit på skolelaget
Då eg var ferdig med å snakka med Are skulle eg gå inn i musikkrommet, men so langt kom eg ikkje før brannalarmen gjekk og alle måtte ut! Då me hadde kome ute møtte me blant anna tre heller flaue jenter, Kaja, Camilla og Lene Michelle som skulle steika hamburgarar for kiosken og tilfeldigvis fant ut litt for seint at dei burde skru på vifta, og sidan brannbilen allereie var ute på tur kom den og opp før nokon rakk å ringa og melda falsk alarm før dei var der, noko som gjorde jentene ein smule meir flaue. Men etter den episoden vart matlaginga keisam og det var jo ikkje sukker i ketchupen heller. Det vart heller ikkje mykje leksegjering for dei jentene som var med på dei.
Korleis det gjekk med xbox-turneringa veit eg ikkje ,men eg fekk med meg at den eine handkontrollen daude og at bordtenninsen ikkje var so populær i dag, men datarommet var det nokon som var innom.
So om ein er jente og vil ha seg type er nok skolelaget rett plass sidan det pleier å verta mange gutar der i forhold til jenter og om ein er gut so er det jo alltid kjekt å få nye venar eller berre ha det gøy!
EK på Skolelaget 18. september 2007
måndag, september 24, 2007
EK på Skolelaget
Katogori(ar):
EkeyTesa opplever,
seriøst
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentarar:
Legg inn en kommentar