RSS

tysdag, oktober 09, 2007

Min dag i dag

Og då satt me her, i klasserommet med nye pcer, nesten alle, unntatt dei som ikkje får til dataen sin, dei måtte inn til Mats, men dei fekk ikkje fiksa det likevel visst.
Men dette er jo ganske kjekt då, me lærer å bruka Adobe InDesign, og eg fryser for det er eit hol i taket som bles rett ned på meg, so det er kaldt.
Men eg trur kanskje eg skal flytta pulten min eg, for eg fryser litt, og då vert eg trøyte. Ogso har eg stor pult, jussom ein brei ein, for det er ikkje nok pultar - Hanna har ingen pult ho, ho må dela med Michelle ho, for den pulten, som er eit katetar, det detter i frå kvarandre om ein prøver å flytta han.
Men no var me ferdige, so no sit eg berre her og på msn, men det eg eigentleg sku' sei det var det at me var på kino i dag - blodsbånd, eller noko sånt var det han heita. Han var skikkeleg gråus. Det var ekstremt ekkelt - dei knakk fingrane på ein dude i døra, og drepte folk, ogso såg me dei frosne i frysen, det var fælt fælt fælt.
Me såg han ang. verdas helsedag eller noko sånt, eg hugser ikkje heilt eg. Dei folka som preika preika berre til den øvre delen av kinosalen, so me høyrde ikkje so mykje, men den filmen var gråus!
Og eg forstår ikkje at den filmen ikkje auker fremandfrykta og alt sånt. Han handla om den kroatiske mafiaen i Noreg, eller noko sånt.
Eg veit eigentleg ikkje om eg tykte filmen var so bra innhaldsmessig, men han var nok bra filmmessig - sånn teknisk, jussom.
Men die har knall gode seter der, i forhald til heima i byen. God plass og deilig seter, mjuke oog gode.
Ogso sovna eg ikkje heller.
Ergo - det var greit, jussom.
No gløymte eg litt kva eg sku' sei, so no berre avslutter eg med å sei at Hanne er ei so sjukt snill og koseleg jenta

0 kommentarar:

 
Copyright EK i 2010 2009. Powered by Blogger.Designed by Ezwpthemes .
Converted To Blogger Template by Anshul .