RSS

laurdag, november 10, 2007

TSN, vitnemål og temakveld og litt sånn anna og

I dag har eg endeleg hatt dataen, kameraet og firewirekabelen på same plass, so no sit eg og legger inn filmar frå TSN-konserten i Flekkefjord kyrkje, vitnemålsutdelinga, temakvelden og ein times med tull som meg og Cato lagde ein dag.
Eigentleg ganske kjekt å mimre, men batteriet mitt har føkka mongo, og det er ganske kjipt då, men eg skal sjekka det nærmare ut når eg kjem heimatt, eller ein eller annein gong.
Men det var jaffa koseleg det, tykkjer eg.

Og no sit eg på skulen igjen, sidan eg gløymte ladaren min her so måtte eg reise opp att og hente han, difor er eg her til i morgon, litt kjipt sidan Sten Ove er heime og eg gjerne ville vere med han, men det var kun no det passa, og eg måtte nesten ha ladaren min, trur eg. Pluss eg gjerne kunne ha med matteboka mi og sånt og, sånn at eg har noko å gjere på heime, no i to veker. Har nemleg utplassering dei to neste vekene eg.

Og i går, då var eg på ludus, og det var berre ekstremt knall kjekt det då. Har ikkje hatt det so kjekt på noko sånt sidan i TSN var der trur eg, på den måten, elles har eg berre hatt det kjekt på ein annein måte, men det gidder eg ikkje å forklare. Og det var berre kos, og ja, so kjøpte eg ballkjole og då : D diggbart.

0 kommentarar:

 
Copyright EK i 2010 2009. Powered by Blogger.Designed by Ezwpthemes .
Converted To Blogger Template by Anshul .