Eg har vore heime i helga, og då har eg høyrd noko, to gonger til og med, og det var noko sånt som cirkus at Gud var med deg eller støtta deg eller eit eller anna sånt, eg kan ikkje hugse kva det var, og det er litt kjipt, sidan det var litt fornuftig, men jaffa, det var noko sånt noko. Og, det som er påintet er at eg høyrde det to gonger, fyrst i pinsekyrkja på fredagen, så i statskyrkja på laurdagen, og sidan eg jussom høyrde det to gonger, i to forskjellege kyrkjer så burde det nesten vere sant, tenkte eg, sidan dei to jussom er einige og alt sånt.
Ja, eg har foresten vore på militzen på fredag, kjempe artig å sjå att folk der, spesielt Henriette, som eg kjenner eg er veldig glad i og for just no, og på laurdagen var eg på tro og lys som og var veldig kjekt, men merker eg saknar Arve der ja! Ganske trist eigentleg...
Det er eigentleg ganske mykje som er trist i livet, men eg har tenkt på ein ting.
Viss ein feks tenkjer at 80% av livet er kjipt, så er 20% kjekt [viss ein tenkjer svart-kvitt-eksempel], men viss ein berre fokuserer og hugser på dei 20%som er kjekke, då vert jussom livet 100% kjekt, sidan det er kun det kjekke ein hugser og fokuserer på.
Elles så reiser eg attende til Kvås i morgon tidlig ^^, Orker nemleg ikkje å stå opp så tidleg på måndag, det er litt for stress, men eg burde jo sove sidan eg skal ta 12:14-toget.
Men eg har veldig lyst å gje folk eg er glad i ein klem då, så viss du føler deg truffen, så her har du klemmen din! *K*
søndag, mars 30, 2008
Eg har høyrt noko *2
Katogori(ar):
Andre tenkjer,
EkeyTesa opplever,
EkeyTesa tenkjer,
seriøst,
tru og tvil og sånt
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentarar:
Legg inn en kommentar