(sidan det er over midtnatt så må du plusse på ein dag)
I går var Miriam hjå meg og det var verkeleg kos. Det er alltid kjekt når meg og Miri er saman, me preike masse og koste oss masse og hadde litt slektsforskning... Det var forvirrande, men me kom vel fram til a sex var feil...
Og i dag, så har eg vore på jobb, noko som var veldig bra! Men enno betre så var eg i byen, lånte NT på lydbok og to andre sånn kristne bøker, sånn som står under sånn derre fag-ting... Gløymt kva det heiter, men enno viktigare så møtte eg Kaja Papaja der, og me gjekk litt saman rundt i byen så fulgte eg ho heim, så vandra eg litt meir rundt i byen og bestilte ei bok hjå Horjen og så kjøpte eg eit skrapelodd... Men eg vant ikkje då, men det var gøy likevel, før eg gjekk oppover mot Søyland for å gå på jobb, men fyrst så gjekk eg innom kyrkjegarden og vatna blomane hjå pappa og mormor og oldemor og oldefar, også hadde rosetreet som eg eg planta rett etter pappa døydde, våren etter jussom, eller våren etter våren jussom hadde ein blome og ein knopp, og det er eigentleg eit eittårstre, men så har det vart i mange-mange år nå... Er nemleg ti år sidan pappa døydde i år... Og det er ganske lange tid...
Men eg limer inn eit bilete av rosetreet mitt då...Og nokre bilete frå då meg og Miri malte kvarandre med anskiktsmåling... (moro)
0 kommentarar:
Legg inn en kommentar