Ja, eg blogger veldig mykje om songer no, men eg har lest gjennom mobilen min, og der har eg lagra nokre songer som eg fant ut eg måtte skrive om, og det gjer eg no, men denne songen fant eg på bloggen min, hadde blogga om den for lenge sidan, og det er songen Homesick av MercyMe som får gå gjennom no, og den kan du høre og lese teksta på her.
Dette skriver eg til pappa, siden starten av den fekk meg til å tenkje på pappa ...
Du er på ein betre plass no, eg har høyrt det minst tusen gonger no, men det hjelper ikkje likevel, for korleis veit eg at du er på ein betre plass? Eg er så glad i deg, og er så knust for at eg har mista deg, og det er grunnen eg saknar deg så ... Eg veit ikkje om eg får sjå deg igjen, og om eg gjer, eg veit ikkje kor lenge det vil bli til. Og eg veit ikkje korleis eg skal klare meg utan deg.
Eg sliter med å hugse deg, før kunne eg lukke augo og sjå deg, men eg hugsar ikkje lengre korleis du ser ut. Eg føler meg ikkje heime nokon plass utan deg, for du var ein del av heimen min, og eg har veldig heimlengsel. Eg veit ikkje korleis eg skal klare meg utan deg, pappa. Eg veit eg vil klare det, eg trur på ein Gud som har sagt at eg skal få styrke nok til å kome gjennom kvar ein dag, og sjølv om min gud ikkje skulle finnest, så gjer det meg styrke å vite at han skal gje meg styrke, men uansett så er det veldig vanskeleg utan deg, men eg veit at du vil at eg skal klare det, difor vil eg klare det. Og eg veit at eg elsker deg fortsatt, og at eg saknar deg så ufatteleg mykje, berre på grunn av at eg er så glad i deg, og det er eigentleg ein god grunn til å sakne nokon, og sjølv om det er veldig vanskeleg å sakne nokon og at det gjer veldig vondt, så veit eg at det er positivt at eg saknar deg, for då var eg glad i deg. Men eg trenger deg her og no, for eg er sytten år, og eg trenger ein far og krangle med, ein far og få trøst av, ein far og få hjelp med leksene frå, ein far som er der for meg, ein far som kan vere ein far for meg, og berre vere her. Ein far som eg kan kome heim til, sei god natt til. Ein far eg berre saknar når han er på reise med jobben, og ikkje kvar dag for at han aldri er her. Ein far eg veit kjem heim til middag og forsørger meg, kjører meg, er stolt av meg og berre er der. Aller mest skulle eg ynskje du berre var her, for eg trenger deg så inderleg.
Pappa, eg elskar, og saknar deg, og det vil eg alltid gjere, og ingenting kan endre det. Same kva som skjer, og same kva eg får vite vil du alltid vere min pappa, og eg vil alltid vere pappa si lille jente. På sju år, med tutt i munnen, gråtende i din begravelse som en siste farvell.
torsdag, november 06, 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentarar:
Legg inn en kommentar