RSS

tysdag, januar 20, 2009

Salighet på ett kjøkkengulv

Tenk å liggje på kjøkkengolvet og syngje med Kaja mens ho spelar gitar. Det er lovsong på repertoaret. For å gjere stemninga endå betre så står det seksti tente ljos på sida av meg, ein for kvar bønn meg og Kaja har bedt. Førti utente ljos ligg og ventar på å bere fram ein bøn til Gud. Eit brett bollar ventar berre på å verte ferdig så me kan feire nattverd etterpå. Det, det kalles nærver med Gud. Ikkje i ei stor prektig kyrkje, eller på eit stappfullt bedehus, men på eit simpelt kjøkkengolv i ein passe stor leilighet med tre soverom.
Me snakkar to ungjenter som ynskjer og be for venar og kjende. Heilt stille, på eit kjøkkengolv.
"Me to og Gud, me to og Gud, Kaja" Det kan vere heilt spesielt det, og berre vere med ein god ven eller to og Gud, og å dele bøneemne som me treng og be for. Og å ikkje berre vere heilt åleine med tinga, men å ha ein å dele dei samen med, i bøn. Eg lovar deg, det er så verdt det å bruke 11 kr på hundre telys med ein ven for å dele ein så saleg glede. Gud gjer underverk, og underverk skjer gjennom Gud.
Eg har aldri følt meg så bra som når eg er med Gud, for Gud er min beste ven, og han elskar meg så høgt at han gav sin son, den einborne, så eg skulle få evig liv å ikkje gå fortapt for eg trur på han.

4 kommentarar:

Elise sa...

Kult å høra :D
bra skreve og Kaja e rå!
Og Gud e go.
Sånn e det me den sagen ^^

Love n'stuff <3

Elise Kristine sa...

Det var skikkeleg deilig... Kan ikkje me og gjere noko sånt ein gong...
Og tenne sånn tusen lys for vår felles beste venn, jaffa fem...

Anonym sa...

Det e eg heilt med på;-p

klemmer fra Cato<3

Elise Kristine sa...

hehe, så søtt :-)
<3

 
Copyright EK i 2010 2009. Powered by Blogger.Designed by Ezwpthemes .
Converted To Blogger Template by Anshul .