RSS

torsdag, februar 19, 2009

I snøen med Miriam!

I forrigårs var meg og Miriam ute i snøen, og det var kjempe koseleg=D
Fyrst så var me hjå meg og bakte boller og lagde kakao, men me gadd ikkje å trille bollane heilt ut så dei såg litt stygge ut, og me gadd heller ikkje å heve dei, men dei smakte veldig godt då :) Også fant me noko ved og pylser og lempa alt på akebrettet mitt før me satt nasa mot Aurevika... Problemet var berre det at når me hadde kome over den fyrste humpen ut mot Aurevika så fant me ut at det eigentleg var ganske mørkt og straks kom til å verte enno mørkare, så me fant ut at me heller burde setje oss rett ned på sletta og tenne opp bål der, og det gjorde me. Og me klarte oss bra. Brukte ebrre alle tennbrikettposene, og all opptenningsveden og dette brant veldig bra. Fyrst då me skulle gå heim att hadde den verkeleg veden tatt fyr, men den slukka me berre att. Me fekk jaffa grilla (brent) ei pylse, drikte ein termos med kakao og åte mange boller, snakka og hørt musikk og hatt det veldig koseleg. Vi digger det! Meg og Miriam FTW!


G'bless!

0 kommentarar:

 
Copyright EK i 2010 2009. Powered by Blogger.Designed by Ezwpthemes .
Converted To Blogger Template by Anshul .