Det er berre så stress å få det ned på dataen, sidan eg ofte gjer det etter at eg har lagt meg, også har eg gløymt det, eller får ikkje tid neste dag, men no har eg litt tid til det, sidan eg er sjuk og ikkje er på skulen, har vore sjuk ganske lenge, men no orka eg berre ikkje å gå på skulen, litt for sjuk, jussom. Det har sikkert hendt ein heil del, men eg hugser ikkje så mykje, kanskje eg er litt for sjuk:P Men eg skal jaffa på konfleir i helga, viss eg er frisk då, noko som eg no føler at eg ikkje kjem til å verte, men eg kan vel kanskje dra likevel då.
Me har hatt vår siste time med Jørn, litt kjipt, var så kjekt å syngje med han, men det skal verte koseleg å ha att Gunnar og då! Elles så skjer det ikkje så mykje på skulefronten, hatt ei fotolekse som ikkje gjekk rett i dass : D Fyrste gong, trur eg.
Elles så sit eg og klypper opp gudstjenesten frå tt, klypper ut songane og lagrer dei som eigne spor, noko som eg trur eg snart må ta ein pause i, sidan eg følte meg kvalmande svimmel no, noko som kan ha noko med at eg reiste meg opp i senga, også har eg ikkje åte i dag, noko som gjer meg ganske svoulten, men eg har berre vore våken i ein time då. Også har eg veldig lyst på popkorn, så viss nokon skal på butikken i dag så skal eg spørrje om dei kan kjøpe det for meg, for det trur eg er litt bra og ete, eller ikkje, eg har jaffa lyst på det, og det er det einaste eg har lyst på, og har hatt lyst på sidan eg har vore sjuk.
Elles har eg spelt ein del på kongregate, men no har den sida klikka litt, og det er ufatteleg keisamt...
Eg har forresten og haldt andakt på tt, og det var ganske kjekt, det var eigentleg ganske kjekt på tt i sin heilhet, meg, Kristin og Torje - som i gamle dagar:P Me var jaffa like galne i hue, nesten. Kjøpte ei brus på deling berre for å kaste ein mentos oppi, det fuste nesten ingenting!
Elles orker eg ikkje å skrive meir no, men eg hadde vorte veldig glad for litt mat!
onsdag, februar 13, 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentarar:
Legg inn en kommentar