Eg såg noko som var skikkeleg fint her ekkotid (eg kan ikkje sei kor tid, grunna personvernet, heller ikkje kven eller kor.) Det var ein mann, som me kalle far, eller faren, heilt etter korleis det passe seg, og ei jente som me kalle dottera og ei dame me kalle mora. Dottera kom smygande rundt hjørnet (for eg trur det var det ho gjorde faktisk) og so stoppa ho, såg seg tilbake for å sjå om mora kom, og det gjorde ho, mora altso. Dottera tok mora i handa, såg opp på ho og sprang bort til faren. Dottera var full av is overalt og hadde ein is i handa, derfor tok faren som gjekk i (arbeids)uniform og haldt ho (dottera) vekke sånn at ho ikkje skulle skitne til han. Dottera gjekk forsiktig tilbake til mora, og begynte stille og grine, mora sa då at ho hadde gleda seg so til å møte faren, eller noko sånt. Mora tok isen og tørka dottera og faren tok og koste med dottera, det var so vakkert. So glad den jenta var i faren sin, det var til å gråte til.
Ekte kjærleik.
tysdag, juli 24, 2007
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentarar:
Legg inn en kommentar