RSS

fredag, august 08, 2008

Brønderslev del 10

I dag var det sånn innlervering av noveller og finpussing på dei og elles slekke dag fram til klokka fem, for då starta høgtopplesinga av noveller, eller ein liten del av novellene då. Eg las opp fyrste scene og fyrste bønn eller fyrste og tredje scene om du vil, på ein måte, viss det sa det noko då.
Men det var eigentleg ganske kult, for eg følte at eg fekk det til og, eller at det ikkje berre vart mykje dritt. Var eit ord eg ikkje fekk til å sei, men det var stort, å lese noko du har skrevet sjølv for så mange folk, det har eg faktisk aldri gjort før. Eg har jo lest litt for klassen og sånt, men det er betydeleg mange mindre folk, med tanke på at me berre var 12 i klassen, 23 på heile trinnet, og det var ca nesten dobbelt så mange der, og det er dyktige ungdom og då, og profesjonelle forfattarar, tenk å ha ein proff norsk forfattar som faktisk har hjulpet deg og gjett deg råd og sånt med fleire tekster og ei som han har hjulpet deg veldig med, som han faktisk har hjulpet og gjort betre og nærmare bra, om ikkje bra. Det er ein heilt sjuk oppleving. Det er stort, noko folk sikkert ikkje kan forstå men eg likte det!

Og no reiser Siri 3 som er veldig grei og Jesus og Muhammed og Bjørketreet, og det er ganske trist. Eignetleg veldig trist, men me har fått skrevet på t-skjorta ho si og ho på mi og det er flott!

0 kommentarar:

 
Copyright EK i 2010 2009. Powered by Blogger.Designed by Ezwpthemes .
Converted To Blogger Template by Anshul .