No har eg kome i gang, og er nesten ferdig, berre sånn småpuss att jussom. Skreiv om noko eg ville, men og litt sånn andre forventer, men som eg ville likevel og tykte var bra. *SPOILER*
Skreiv om ei jente som vart valdtatt og utvikla anoreksia og feiltolka Gud til å støtte dette, men på slutten så fant ho ut at det var ikkje sånn likevel og fekk eit bra og normalt og sundt forhald til Gud
*SPOILER SLUTT*
Har eg skrevet at eg har kjøpt nye Converser? Fant det jaffa ikkje nokon plass, tok dei i bruk i dag. Knall gode og kule... Rosa/lilla paletter på. Kosta fire hundre dkr, halvpris, er sånn "spesialting" så kosta jo eigentleg 800 då... Også kjøpte eg to par øyredobber, sånn plastikk som eg tåler (jeej) to par for førti kroner, på dei eine er det ei kyr og den andre hugsar eg ikkje. Men det var sånn eitt for tredve og to for førti så eg kjøpte jo to, og der kjøpte eg ein tights og. Sånn kvit elns med masse mønster på for 50 dkr. Skjønt... Det meste er veldig billig i Danmark, tenk 5 kr for ein agurk.
Men G'bless og hugs at Gud er konge og fikser alt på den måten som er best, ikkje alltid sånn du vil, men sånn Han vil og veit er best!
onsdag, august 06, 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentarar:
Legg inn en kommentar