RSS

fredag, august 08, 2008

Brønderslev del 6

Så, no sit me her, klokka er 01:41 no, og me sit i den raude sona, som eigentleg er forbudt etter klokka elleve for då skal det vere stille i sovefløyen, men me er nesten stille då, som oftast. Men i går kom det ein mann med masse hår i berre bokseren og kjefta, men han har ikkje kome til no då.
Men i dag så har me vore ein kort tur i byen, og då gjekk eg meg litt vill, men eg spurte to snille dansker om vegen så eg fant fram og fant Simen, Marianne og Martine, trur eg det var og fant heilskinna fram til skulen att.
Men det som var så stress var at me hadde veldig dårleg tid, for me skulle til svymjehallen og bade, og der var vatnet veldig kaldt, unntatt i stimbassenget og boblebasenget, men det var deilig å få bade litt då. Trur eg er litt avhening av det eg. Kven trenger narkotika når ein har bading. Vonar det er fint vêr når eg kjem heim for då skal eg hoppe rett i sjøen når eg har sovet litt då jaffa. Etter på så chilla me berre på skulen, åt masse kake og sånt. Men det som er litt dumt er at me må opp klokka ni i morgon og at Siri 3 reiser i morgon kveld og ho liker eg, men verst er det nok at me må stå opp ni, jaffa fyrst, for Siri 3 reiser jo ikkje før om kvelden. Men det positive er jo at eg har funnet namn til novella mi.

*SPOILER*
Anorektisk bønn
*SPOILER SLUTT*

Og nå ler Simen veldig rart og når han ar latterkrampe så snakker han rart, men eigentleg så ler han alltid rart då. Og han heiter Simen og ikkje Espen, just som Ragnhild heiter Ragnhild og ikkje Reidar.

Så no er me her, norskane Siri 3, Siri 2, Marianne, Ragnhild, Martine og Simen og den kule dansken Tobias som har langt blondt hår og skriv dikt...

i<3it here...

Så, fred ut frå Brønderslev og ten Herren med glede for han er, var og vil vere!

2 kommentarar:

Siri sa...

awww, eg like deg o! :D

Elise Kristine sa...

hehe, eg kjenner så mange Siri'er no (fem stykk, Siri 1, Siri 2, Siri 3, Siri Linn, Store Siri) at det er ikkje så lett å halde styr på så eg trudde det var ei anna Siri som hadde kommentert så eg fatta ingenting, men så fant eg ut at var deg og då fatta eg meir:)

Og eg har funnet ut at det var ikkje Marianne som var med, men eit anna, men nå står hovudet mitt heilt stille så eg klarer ikkje å hugse namnet just no.

 
Copyright EK i 2010 2009. Powered by Blogger.Designed by Ezwpthemes .
Converted To Blogger Template by Anshul .