RSS

torsdag, juli 26, 2007

Fasinert, igjen...

"Må veiene åpne seg for deg, min venn, og vinden blåse bak deg.
Må solen skinne på ditt ansikt og regnet falle mildt på dine marker inntil vi møtes igjen.
Må du hele tiden være i Guds hånd."

Endå ein gong har eg vorte fasinert at "Dagens betraktning" av "Nettkirken." I dag var altso det den teksta, som står i kursiv heilt opperst (ja, eg veit det heiter øverst) eg fekk i min mailinbox.
Det høyrest kanskje litt kliséte ut, men eg likte det. "Dagens betraktning" av "Nettkirken" kan du abonnere på ved å trykke her. Det er ein veldig fin liten helsning i postkassa, tykkjer eg.
Men tilbake til denne dagens betraktning. Det er ein eigentleg veldig snill ting å sei, men eg har funnet ein versjon eg likte betre.
"Må veiene åpne seg for deg og vinden blåse bak deg
Må solen skinne på ditt ansikt og regnet falle mildt på dine marker.
Må du hele tiden vandre i Guds lys"
Grunnen til at eg bytta ut Guds hand med Gud ljos er det at eg liker Guds ljos mykje betre eg, men båe delane går jo like bra, so om du liker Guds hand betre, sei heller det då.
Men no skal eg sove i Guds ljos, snart jaffa for no er eg so trøyte at eg snart sovne, faktisk...

4 kommentarar:

Kristine sa...

Eg tenkte berre eg skulle påpeika at eg har lagt det til på koplingslista i den rykande ferske bloggen min:]

(faktisk så rykande fersk at det ikkje står noko der, enda)

Elise Kristine sa...

So rykande kult!

Kristine sa...

Eg veit:D

No har eg til og med skreve i han!

Elise Kristine sa...

So kult at eg til og med må sjekke han ut!

 
Copyright EK i 2010 2009. Powered by Blogger.Designed by Ezwpthemes .
Converted To Blogger Template by Anshul .