RSS

fredag, august 10, 2007

Ein artig bønn

Halla Gud!
Lenge sidan sist...
Sorry, men linja har vore litt opptatt med andre ting. Sjølvsagt ikkje
ting som er viktigare enn deg, berre litt lettare og meir sjølvsagte,
enn deg. Sjølvom du burde vore det mest sjølvsagte i verda. Og sånn
perfekt sett det lettaste i verda, men no er ikkje eg perfekt, so eg
gløymer ofte kva som er viktigast, kva som står høgare enn alt anna.
Sorry for å sei det, men av og til gløymer eg deg. Eg burde det ikkje,
burde jo ikkje gløyme deg, som har skapt meg, og alt anna, og som
aldri gløymer meg. Teknisk sett burde vel du vore det viktigast i
heile verda, og du er vel det og, eg berre gløymer kva som er
viktigast av og til.
Eigentleg so var det ikkje noko spesielt eg ville, kanskje berre slå
av ein prat, viss du har tid då. Men du har alltid tid til meg du,
gløymer aldri lisle meg, stiller alltid opp og er min beste ven. Ville
berre be om dei vanlege tinga eg; familie, venar, framtid og sånt. Ja,
du veit vel kva det er eg vil sei du, so eg trenger ikkje å famle
etter ord, du forstår og eg trur. So kanskje me preikest vel snart,
sjølvom eg ofte gløymer og slutter å tru, gje meg eit hint og eit
trøstande ord, for du Gud, du er stor!
Amen.

0 kommentarar:

 
Copyright EK i 2010 2009. Powered by Blogger.Designed by Ezwpthemes .
Converted To Blogger Template by Anshul .