RSS

fredag, august 17, 2007

Min tankar om von

Håp er den av dei tre tingane eg mangle sånn konkret (tru, von og kjærleik).
Ikkje det at eg manglar von, men det er det eg ikkje konkret kan setje fingeren på.
Du veit sånn smykker med hjarte, kors og ankar.
Hjarte som består for kjærleik har ei form av ein hjarteforma hengelås som eg fekk av faren min ei stund før han døydde.
Tru har eg som eit kors som eg fekk av ein prest då eg konfa meg, og det var då eg verkeleg vart offentleg kristen.

Von veit eg ikkje kva skal verte, tida vil vel vise, men eg har tenkt å finne det ut.

Men mine tankar er at det må vere von for at ein kan leve, ikkje at det må vere von for å vere liv, for å vere i liv og å leve er to forskjellege ting.

Eigentleg trur eg ikkje eg har so stor formeining om kva von er eg, trur eg.
Men eg trur det er viktig.
Utan von so er me ikkje so mykje, utan von er det lett å gje opp, eller kanskje ein har gjett opp utan von.
Det trur eg eigentleg ikkje, for å ta eit overfladisk teit eksempel.

Eg veit at mobilen min er tom for straum, og at det ikkjer er von for han, eller for at eg skal få han på, men eg prøve likevel, eg gjer opp sjølvom eg veit at det ikkje vil gå, vel etter vidare omtenkjing kom eg på at då har eg visst eit lite von i meg likevel om at han skal på.

Det var vanskeleg det.

Same det - eg trur at von eg leveviktig, ikkje livsviktig.

Kanskje det er livsviktig å leve, men ikkje å ha von.

Og eg vonar på fint vêr i morgon, men ikkje so fint at ein kan gå i kortarma, for eg har nesten ikkje fleire kleder att pga tt, so det hadde vore digg og måtte ha på seg langarma jakke, for då veit eg kva eg skal gå med til byen i morgon.

[Skrevet 2. juli 2007 23:53:11 på k3-torget]

0 kommentarar:

 
Copyright EK i 2010 2009. Powered by Blogger.Designed by Ezwpthemes .
Converted To Blogger Template by Anshul .