RSS

torsdag, august 30, 2007

Rom 12,9–16:

9 Lat kjærleiken vera ekte! Avsky det vonde og hald dykk til det gode! 10 Elsk kvarandre med inderleg syskenkjærleik; set dei andre høgare enn dykk sjølve! 11 Ver ikkje lunka, men ivrige. Ver brennande i Anden, ten Herren! 12 Ver glade i vona, tolmodige i motgangen, uthaldande i bøna. 13 Ver med og hjelp dei heilage som lid naud, og legg vinn på å vera gjestfrie. 14 Velsign dei som forfølgjer dykk, velsign og forbann ikkje. 15 Gled dykk med dei glade og gråt med dei som græt. 16 Ha ei og same haldninga dykk imellom, trakt ikkje etter det høge, men hald dykk gjerne til det låge. Ver ikkje sjølvkloke!

0 kommentarar:

 
Copyright EK i 2010 2009. Powered by Blogger.Designed by Ezwpthemes .
Converted To Blogger Template by Anshul .