RSS

fredag, august 03, 2007

Noko so søtt...

[Grunna personvernet vil denne historien kanskje ikkje vere heilt korrekt med namn, sted og tid]
Ein dag eg var i byen hendte det noko so søtt, ganske mykje søtt eigentleg. Fyrst so møtte eg ei, eigentleg vil eg sei kven det var, men det kan eg diverre ikkje, for eg har ikkje ork til å spørrje ho om eg får lov å sei at det var ho eg møtte. Men denne jenta, for eg føler eg kan sei at det var ei jente, sidan eg berre eliminerer cirka 50% av folka i verda då. Men, ja, denne jenta var noko so opp til øyro forelska, og det var so vakkart å sjå på, klare ikkje å skildra det, for jeg "trenger mer enn ord, for følelsen er stor." Det var berre so kos å sjå, sånn du føle deg lukkeleg berre av å sjå på det.
Men eg gjorde meir denne dagen, eg møtte Ingvild(<3<3<3), det berre måtte eg skrive, ein fin måte, eller kanskje litt fjortissekkel måte å skrive at eg er veldig glad i ho. Men eg har jaffa ikkje møtt ho sidan i fjor, då me og møttest om sumaren og åt is. Det er fast tradisjon. I år var me på Stoppestedet og kjøpte tre kuler med is i kjeks, kappstjino (som eg har valt å omsetje til norsk på den måten), jordbær (som var veldig søt) og nonstop (som eg ikkje har noko å tilføye på, men gjer det likevel, for at det skal sjå litt kult ut). Me hadde just den same isen, men Ingvild vart ferdig med isen før meg, hennar likna på ein fakkel, min likna på ein is, so eg tykte at hennar var kulast då! Ogso kjøpt me klistermerker på nille og klistra på kvarandre - det var knall artig, snålt noko. Ingvild er mine fisk! Og me kjøpte snop på coop og sat utan for Narvesen og åt det og preika om gutar, og sånne vesen, det var knall løye. Og eg gler meg veldig til neste sumar for då skal me gifte oss óg :-D I kyrkja! Me skal gifte oss med mange neste sumar, men eg kan diverre ikkje nemne namn for det hadde vorte veldig flaut for meg, føler eg. Men kvar einaste laurdag neste sumar er satt av til giftemål, sånn omtrent.
Ogso møtte eg Ane óg, i byen, noko som var knall kos og kjekt og masse sånt. Det var faktisk koseleg å møte ho, ikkje at det ikkje skulle vere det, eg berre tykte det var koseleg å møte ho.
Eigentleg so såg eg veldig mange eg kjende i byen, eller som eg visste kven var, lurer på om nokon veit kven eg er, for eg føle at eg veit kven so mange er, ogso lurer eg på om like mange veit kven eg er. Derfor ville eg likt at alle som veit kven eg er kunne kommentert her, og viss ingen kommentere sp byrje eg å lure på kva min eksistens her eigentleg betyr...

2 kommentarar:

Malin sa...

Eg veit kven du er!

Elise Kristine sa...

Yay - ein stykk veit kven eg er :-O
Vonar eigentleg litt at fleire veit det, ikkje at du ikkje er nok, men det hadde vore litt kjekt om fleire visste kven eg var, eigentleg.

 
Copyright EK i 2010 2009. Powered by Blogger.Designed by Ezwpthemes .
Converted To Blogger Template by Anshul .