[Ein so fin historie Bea posta på k3-torget som eg gjenpostar her]
Fleire stearinlys vart bore fram til altaret. Ein av deltakarane spurde kva lysa representerte. ”Glede”, svara ein av dei som bar lysa. Straks svarte ein annan at han ikkje visste kva glede var. Livet hans hadde vore berre sorga. Han kom fram og bles ut lyset. Eit anna lys var for tillit, men ein fortalde om svik og mistillit og bles ut også det lyset. Eit lys var tent for foreldrekjærleik, men ein reiste seg og sa han var vokse opp utan mor eller far. Han kom fram og bles det ut. Slik fortsatte det til det berre var eitt lys att, svakt og blafrande. Skulle det og verta blåse ut? Då ville det verta heilt mørkt i kyrkja. ”Kven er du?” ropte ein. ”Håpet” var svaret. Då vart det heilt stilt. Ingen kunne eller ville gjere ende på håpet. I staden vart dei andre lysa- dei som var sløkte- bore bort til dette lyset. Gjennom håpet fikk dei ny flamme og nytt liv.
fredag, august 17, 2007
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarar:
Det er ikke så mye vi virkelig trenger her i verden.
Mot, kanskje. Mot til å tørre å gjøre det vi trodde vi ikke kunne, men som må gjøres likevel.
Og Håp. Håp, for at alt vil gå bra. Håp, om at alt blir bedre i Morgen.
Trur det er lettare å leve utan von enn mot.
Eg veit ikkkje om ein kan leve utan von eg
Legg inn en kommentar