RSS

søndag, august 12, 2007

Jammen eg vil jo berre ha nynorsk

Eg fant ut ein ting som er kjipt eg. Når eg vandra rundt på veven for
å finne ein skule å gå på kom eg over både 'nynorske' og 'bokmålske'
skular, og på dei 'nynorske' stod det alltid at sjølvom
adminstrasjonsgreieren var på nynorsk so ville undervisninga vere på
både nynorsk og bokmål. På bokmålsskulane var ikkje dette nevnt. Som
om nynorskskulane er redde for at folk ikkje vil velje dei om dei var
100% nynorske, og at folk ikkje ville velje bokmålskulane om dei har
nynorsk i seg.
Men det eg eigentleg skulle sei var at det er litt urettferdig at eg
må gå på ein 'nynorskskule' for å møte nynorsk som ein del av
undervisninga, spesielt kjipt er dette for meg når
utdanningsprogrammet eg vil gå ikkje finnst på ein nynorsk friskule,
og dei offentleg skulane her omkring er bokmålske.

0 kommentarar:

 
Copyright EK i 2010 2009. Powered by Blogger.Designed by Ezwpthemes .
Converted To Blogger Template by Anshul .