Ja, no har me allereie kome til august. Eg veit ikkje om eg har tykte at sumaren har gått fort eller seint, jenna litt båe delane. Eigentleg so føle eg ikkje at eg bryr meg so veldig. Men noko eg burde bry meg om er at det berre er femten dagar til skulen byrje att! Trur eg, han byrje den attande, du får gjere matten sjølv, eg har fortsatt ferie eg. Men i dag fant eg ut at eg måtte søkje på stipend på nytt! Kjipt, eigentleg, ogso fekk eg boklista, den kom forløpleg berre på 4388 kroner, sånn cirka trur eg, men i eit eller anna fag var det ikkje satt bøker enno, og litt sånt. Det var ikkje so ille, sa mamma. Ja, ogso må me og plusse på sånn utstyrspakke og då, på omtrent tusen kroner. Elles so er august ein ganske spesiell månad, det er den månaden skule byrje att, det er den månaden alt byrje att, alle fritidsaktiviteter og sånt, jaffa cirka. Eg har den tvil på at Tro og Lys ikkje starte før nesten månad, noko som er noko skitt, for Tro og Lys er totalt kos(!) og kan anbefalast på det varmast:-) So viss nokon har lyst å vere med so er det berre å gje meg eit pip, eller eit pling eller noko sånt, spørs korleis du gjer det - ja det går faktisk an å snakke til meg og, sånn dei gjorde i det gamlare(eg veit det heiter eldre) tidene. Og veit du ikkje kva Tro og Lys er, so kan eg anbefala deg å spørrje meg, eller gå inn på heimesida deirast som er so enkelt at du kan berre trykke her so kjem du inn på ho, eigentleg ganske fasinerande og teknologisk smart. Eigentleg so fekk eg litt lyst å skrive om tro og lys, eg sjølv, so det skal eg gjere, og det kan du lese om her. Elles so skal det vel byrje å skje noko med tt og sånt og, sjølvom eg flytter til ein ku-kommune so kan eg kanskje stikke inn nasa der av og til, viss nokon eg kjenner fortsetje der, eller eg berre skulle få sjukt lyst å møte på min store kjærleik (berre sånn at det ikkje vert nokon missingar her, so meiner eg tt som min store kjærleik og ikkje nokon spesielle personar, sjølvom nokon kanskje kunne tru det!) Ja, so snart som i morgon skjer det noko kos, faktisk. For i morgon, laurdag 4/8-07 skjer det noko på ungdomshallen faktisk, sjølvom eg eigentleg ikkje veit heilt kva, berre at det vert overnatting frå laurdag til sundag og at det vert eit heidundrandes program, og at eg må hugse singstaren og ps2'n min (som eg faktisk har pynta med nokon av klistermerkene som eg kjøpte då meg og Ingvild hadde det kos, som du kan lese om her) og at Henriette at folk måtte spre at det vart konsert med Easy Living frå Lyngdal som har heimeside her, laurdag klokka 23:00, og det vart eit heidudrande show so alle burde kome, innkludert du! Det vert sikkert veldig kos og alle burde sjølvsagt kome og sjå på min søte PS2 med klistermerker på! Okei, kanskje gjere noko anna óg då, men Gunnar sa at det kom meir info i dag via sms, men det skulle ikkje forundra meg om at han gløymte det, for ja, oi, det burde eg kanskje ikkje sagt - uthenging på internett med namn og ja, namn er visst ikkje fint, men han gløymer av og til noko, og det er litt kjipt. Men vafler utan mjølk er godt det óg, det berre smakar litt, hmm, jaffa ikkje mjølk :-P
Og avsnitt har aldri vore min greier, ikkje punktom heller, men det er vel ingen grunn til å hate meg fordi om!
Og avsnitt har aldri vore min greier, ikkje punktom heller, men det er vel ingen grunn til å hate meg fordi om!
0 kommentarar:
Legg inn en kommentar