RSS

måndag, august 20, 2007

Harry Potter, desperanter og skytsverger.

Som dei fleste som kjenner meg veit, og sikkert nokon som ikkje kjenner meg noko særleg óg veit, so er eg littegranna hekta på Harry Potter derfor skulle eg klara å finna ut ein liten andakt som handla om just det.

Andre som ikkje er like hekta på Harry Potter, eller kanskje ikkje har so stor peil i det heile tatt veit jenna, eller kanskje heilt sikkert kva desperanter er, men for dei som ikkje har den hulaste peil so er det nokon mørkevesen vel som er med i Harry Potter-bøkene. Dei suger ut all gleda til dei, dei kjem nær, og Gunnar Prest skildra dei som altoppslukande, onde og mørke, og noko ein sannsynlegvis ville vore ekte etter å ha lest om dei på hp-lexicon.org.

J.K. Rowling som har skrevet Harry Potter-bøkene samanlikna dei med menneskeleg depresjon, og det er eg på ein måte einig i, sidan det var vere ganske so vanskeleg å fokusere på glade ting, men det er som oftast clueet óg, å fokusere på det positive. Sånn som den einaste måten å "bekjempe" desperanter på er å framkalle ein skytsverge, som er ein sterk ljos skikkelse ein framkalle med formelen "forvento vergum", og for å få til den formelen må ein fokusere på det lukkelegste minne ein har. Det same er viktig når livet er som mørkast, eigentleg alltid. Å ha noko som ljoser opp tilværelsen, for ljos kan bryte gjennom alt mørke. Og kven er verdas ljos? Jesus, ja. Kjærleiken hans er som eitt sterkt kvitt ljos som ljoser opp alt mørke og bærer det, uansett kor mørkt livet kan verte. Jesus er sterkast. Hugs det, uansett kva som måtte kome og hald fokuset der. Det gjer tryggleik, og han er faktisk sterkare enn alt anna!

1 kommentarar:

Anonym sa...

I wish not approve on it. I regard as nice post. Particularly the appellation attracted me to study the whole story.

 
Copyright EK i 2010 2009. Powered by Blogger.Designed by Ezwpthemes .
Converted To Blogger Template by Anshul .